etikettdesign - vetle ivar øl

store ringheim hotell & restaurnt i samarbeide med L/L voss fellesbryggeri

PROSJEKT;

  • Justering av Vetle Ivar etikett, 2026

  • Design av øletikettar til Vetle Ivar, på boks 2024

  • Design av øletikettar til Vetle Ivar, på flaske 2021

  • Etikettdesign - emballasje

  • Identitet & merkevarebygging

OM KUNDEN;

Eit samarbeid mellom Store Ringheim hotell & restaurant AS og L/L Voss Fellesbryggeri på Voss.

Vinteren 2021 vart dei fyrste flaskene av samarbeidsølet, Vetle Ivar, tappa på flasker hjå L/L Voss Fellesbryggeri. Designet på etikettane fylgjer i hovudsak profilen til Store Ringheim, men tilpassa den leikne stilen til bryggeriet. Ølet heidrar 8. generasjon brukar på Store Ringheim som var ein stor hestekar, og difor var det naturleg å nytta bilete av det som det berande element i etikettdesignet. Limegrøn kork på flaska vart prikken over i’en.

Våren 2024, ei ny tid og no med øl på boks. Designet på etikett trengde då ei fornying - og det vart det. Då etikett no fekk nytt format, så kunne me byta ut bilete av Vetle-Ivar og hesten, samstundes som at designet fekk ei justering. Det vart og vald svarte boksar då det vil stå seg best mot designet og samstundes vera visuelt bra for servering frå bar & i restaurant.

Sommar 2026 var det ynskje om å integrera både strekkode og pantemerke i etikettdesignet. Designet fekk då ei ny justering og oppdatering for å få plass til desse - og nye trykkfiler vart produsert.

Forrige
Forrige

LOGO & VISUELL IDENTITET

Neste
Neste

LOGO, VISUELL IDENTITET & PROFILERING