FØNIKS FRISØR & FOTTERAPI, VoSS
PROSJEKT;
Logodesign, visuell identitet, profilering & trykksaker
Timekort / visittkort
Gåvekort
Stickers / klistremerker til produkt
Stempel til posar
Logo utskore i pvc til resepsjon
Skilt ute og folie på gatebukk
Rådgjeving
OM KUNDEN;
Frisør & autorisert fotterapeut Lisa Stalheim Hildestveit og frisør Brita Saue, har gått saman og overteke FØNIKS frisør i Stallgata på Voss frå januar 2026.
Navn, stad og telefonnummer er som før - men i ei heilt ny utgåve med oppussa salong, saman med ein ny identitet og profil.
Design by Giske har stått for utvikling av logo, visuell identitet, profilering, trykksaker og rådgjevning for Lisa og Brita. Logo vart utvikla ut frå eit ynskje om eit tidlaust og stilreint design. Fargar er sett saman med utgangspunkt i fargevalet i nyoppussa salong og elementa der. Den visuelle identiteten til nye FØNIKS FRISØR har fått eit uttrykk som vil byggja ei god merkevare for Lisa og Brita.
I samband med profilering og trykksaker så har me tenkt både gjenbruk og kostnadseffektivt. Hengeskiltet ute over døra er det gamle med ny folie på plata, det same med gatebukk. Til papirposar har me bestilt stempel, slik at dei ikkje treng å ha noko stort lager av posar. Skilt, folie, klistremerker, timekort og gåvekort er kortreiste trykksaker levert av A7 print i Bergen.