GØRIL FLORVAAG
forretningsutvikler • BUTIKKstylist • rådgiver
PROSJEKT;
Design av logo, 2026
Design av ny visuell identitet med logovariantar, logobruk, profilfontar, fargekodar, dekorelement, SoMe-ikon i profilfargar m.m.
Design av visittkort & profileringsartiklar
Merkevarebygging & rådgjevning
OM KUNDEN;
Forretningsutvikler Gøril Florvaag AS, Bryne.
Gøril ser det du ikkje ser - og ho seier det tydeleg. Ho hjelper bedrifter med å bli tydelege, relevante - og verd å velga.
“Forretning. Ikkje berre fasade”
Logo & visuell identitet er basert på identiteten som eg tidlegare har utvikla for Gøril som Butikkutvikler.no. Med frie hender så har eg utvikla identiteten vidare i same tydlege og seriøse stil, som igjen er kobla mot ei sterk og leiken personlegheit. Gjenkjenning var eit viktig stikkord for utviklinga av den nye identiteten, då Gøril har ein stor følgarskare som Butikkutvikler gjennom mange år.
Forretningsutvikler Gøril Florvaag™ er grunnlaget for vegen vidare i hennar firma som og har skifta namn til Florvaag AS.