lUTRO gard, lofthus i hardanger
PROSJEKT;
Design av logo & visuell identitet, 2025
Utvikling & design av etikett konsept, 2025
Ferdigstilling trykkfiler etiketter
Ferdigstilling trykkfiler profilering
OM KUNDEN;
Lutro Gard ligg langs Hardangerfjorden, rett før Lofthus i Hardanger. Garden er omkransa av frukttre på alle kantar. Her har det vore produsert frukt gjennom mange generasjonar. På Lutro Gard finn du både produksjon og vidareforedling av frukt, samt eit eige gardsutsal. Hermetiserte plommer & moreller vert distribuert til daglegvarebutikkar i Vestland, samt i Oslo, av Genrasjonsmat Evanger AS.
Design by Giske har utvikla ein identitet og eit gjennomtenkt etikett konsept for Lutro Gard i Hardanger. Målet er at produkta skal skilja seg positivt ut i butikkhyllene og visa ein tydeleg kvalitet, samstundes som det er ein raud tråd gjennom heile etikett konseptet. Konseptet er utvikla slik at det er rom for vidare produktutvikling framover, utan å måtte endra på verken designet eller storleiken på etikettane. Etikettane har ei form og storleik som gjer at dei passar på mange typar emballasje, slik som no i starten med overgangen frå gamal type glas til ein meir standarisert type. Det same gjeld flasker til juice.
Det gamle buumerket til garden vart ein viktig del av både logo & den visuelle identiteten til Lutro Gard. Her fekk me inn historia til garden, samstundes som logoen er både tydeleg og stilrein. Gjennom utviklinga av logo designet var tanken heile vegen at den viktigaste staden logoen skal vera er på etikettane til produkta - og at dette måtte henga saman.