RAPPORTEN “BUTIKKEN MOT 2030”
GØRIL H. FLORVAAG • BUTIKKutvikler
PROSJEKT;
Design og grafisk utforming rapport, 2026
Design av omslag rapport, 2026
Design av visuelle element, ikon, diagram
Design av mockups til marknadsføring
OM KUNDEN;
Gøril H. Florvaag har arbeidd med handel i snart tretti år - dei siste tjue åra som rådgjevar og forretningsutviklar for sjølvstendige butikkar over heile Norge. Ho arbeider innanfrå og ut: konsept, drift, og det som kundane til slutt ser. Rapporten byggjer på 450 butikkbesøk sommaren 2025, sett gjennom mange års erfaring i faget.
Design by Giske fekk oppdraget med å stå for design og grafisk gjennomføring av rapporten “Hva faen gjør vi nå? - Butikken mot 2030” for Gøril. Designuttrykket baserer seg på den visuelle identiteten som tidlegare er utvikla for både Butikkuvikler og Gøril Florvaag AS.
Ut frå motteke manus og ei felles idemyldring, så hadde eg frie hender i utforming av layout for rapporten. Starten på kvar del har fått eit eige design for å markera eit skilje. Rapporten er designa slik at den skal vera lett å lesa, samstundes som bodskapen til Gøril kjem tydeleg fram. Dette er ein trykt rapport på 64 sider som er innbunden med softcover. Deler av innhaldet i denne rapporten baserer seg og på våre felles erfaringar gjennom 8 år med prosjektet Nisjebbutikkens dag™.
Førehandsbestilling av rapporten: www.butikkutvikler.com/butikken2030